JIPPI - to siste nettene har eg sove bra og det har gitt meg nok energi til å både
vaske hus, sy, ta bilder og blogge, ved sida av kos og leik med veslegut då.
Slettes ikkje verst - måtte det berre vare (bank i bordet....).
Eg har lenge tenkt å vise dokke heile kjøkkenet vårt, slik det framstår i dag,
samt bileter av korleis det var før og undervegs.
Vi tok kjøkkenet med ein gong vi flytta inn, i august, og det gjekk rasande fort.
Min kjære og pappa (samt svigerfar og kompisar) jobba som nokre heltar og
vi damene var mektig imponerte!
FØR:
Kjøkkenet var frå då huset vart bygt i 1985. Meget slitt og dårleg utnytta plass.
RIVING:
OPPATTBYGGING:
Ja, det gjekk slag i slag og etter (maks) eit par veker var det meste på plass.
Men lister og nye vindu/karmar kom fyrst i desember...
VÅRT NYE KJØKKEN:
Vi er ikkje heilt i mål enda, det gjenstår litt lister her og der, flisene er ikkje kome opp, lys i glasskapa etc. Men vi er veldig fornøyde så langt og stortrivast. Veslegut likar seg godt i tegnehjørnet sitt og det blir vel rabalder den dagen vi skal lage dør ut til verandaen der...
Snart kjem det. Lampene er frå IKEA og midlertidig til vi finn nokre vi likar, men dei dug.
Kjøkkenet er LIDINGÖ frå IKEA.
Benken skal få seg ei madrass og litt fleire puter og på veggen skal ei tallerkenhylle opp.
Litt kjekt at ikkje alt er ferdig med ein gong, så kan vi glede oss over kvar ting:)
Nei, no må eg hoppe i loppekassa og sjå om Herr Blund kjem til meg i natt og.
I morga skal veslegut ha fri frå barnehagen. Vi skal ha kosedag. I bassenget og på shopping og kafè.
Gleder meg!!
Ha ei god natt dokke som enda er vakne, og fin onsdag til dokke andre!
Klem Marianne,
som saknar kjæresten som er i Brasil...


















































